Onsdagsforedrag inkludert kveldsmat og vandring i utstillinga. 10 juni kl. 19:00-21:00, på Hå gamle prestegard.
Kunsthistorikar Sidsel Helliesen startar med eit foredrag om teiknaren Eilif Peterssen og avsluttar med å sjå på teikningane som er stilt ut og som er utgangspunktet for utstillinga om Eilif Peterssen.
Sidsel Helliesen er dr. philos i kunsthistorie med spesialfelt i grafikk og teikning. Ho har i mange år vore leder for Kobberstikk- og handteikningsamlinga ved Nasjonalmuseet i Oslo. Ho har kuratert mange utstillingar og skrive ei rekkje artiklar i bøker, tidsskrift og utstillingskataloger.
Historikar Lisabet Risa tek oss med gjennom utstillinga om Eilif Peterssen og Jærmalarane. Ho fortel om stadar Eilif Peterssen og dei andre malarane var og om historia frå tida deira på Jæren. Lisabet Risa er tilsatt ved Statsarkivet og har inngåande kjennskap til den lokale historia på Jæren og er forfattar av fleire bøker og artiklar.
Påmelding : post.hpg@ha.kommune.no eller 51 79 16 60. Kr. 170,- inkludert kveldsmat.
Fellestaxi frå Nærbø stasjon kl. 18:40 med retur frå Hå kl. 21:10. Kr 50 t/r.